
Kan ein omdanne restprodukt frå fiskeoppdrett og osteproduksjon til biogass?
I Torjulvågen i Møre og Romsdal ønskjer Tingvoll Fisk AS å utvide produksjonen sin med eit flytande, delvis lukka, anlegg i sjøen. Målet er å samle opp fiskeslam og nytte det i biogassproduksjon, saman med myse, som er eit restprodukt frå osteproduksjon, og møkk frå nabogarden og familiebedrifta, Tingvollost. Men først må dei vite om det er praktisk mogleg og økonomisk lønsamt å kombinere desse biologiske restprodukta.
Kan det som i dag er avfall heller bli til biogass, og dermed til straum for oppvarming hos Tingvollost? Og kan biorest brukast som gjødsel av lokale bønder? Det vil i så fall løyse eit avfallsproblem for Tingvoll fisk, og gjere oppdrett av den lakselusetande fisken rognkjeks, meir berekraftig.
Tekst og bilde: Anette Tjomsland